WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere. WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.


Separator

Fra WikiStrinda
Revisjon per 27. jan. 2016 kl. 13:38 av Jan H (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Westfalia separator.
Foto: Wikipedia

Ein separator er eit apparat som ved hjelp av sentrifugalkraft skiller to væsker som ikkje er løyselege i kvarandre, til dømes olje og vatn. Ordet separator kjem frå latin separo som tyder 'skilje'.

Separering av mjølk

Separatoren blir mellom anna brukt til å skilje fløyte frå mjølk. Fløyten er lettare enn vatn, og vil i ein sentrifuge vandre inn mot aksen, medan den tyngre skummamjølka vert pressa mot ytterkanten. I dei første separatorane måtte fløyten skummast av for hand. Den kontinuerlege separatoren vart konsturert i 1878 av L.C. Nielsen i Danmark og Gustaf de Laval i Sverige, som fann han opp uavhengig av kvarandre. Separatoren vart forbetra fram mot 1890 med separatorkula (Alfa-innsatsen), som var kjernen i Alfa-Laval-separatoren. Separatorkula har ein stabel tynne skåler med små mellomrom, desse roterer i sentrifuga og skiljer fløyten frå skummamjølka. Framstilling av separatorar vart storindustri i Sverige, og Alfa-Laval vart den største produsenten. Andre store produsentar var Westfalia i Tyskland og Diabolo.

Separering på gardane

Krona med skruven som justerer feittinnhaldet i fløyten. Fabrikkinnstilling gjev 12 % feitt.Ein handriven separator har kapasitet på frå 100 til 600 liter mjølk for timen. Mjølka bør vere kuvarm eller lydd til vel 30 ˚C før ho blir helt i bollen. Så kan ein starte sveivinga, og ei bjølle gjev lyd om farten er for låg eller for høg. Når farten er rett, opnar ein slik at mjølka renn ned gjennom kula. Etter kort tid kjem fløyten ut av ein tut og skummamjølka ut av ein annan. Feittinnhaldet i skummamjølka vert større om mjølka er kald. Feittinnhaldet i fløyten kan regulerast med ein skruve på separatorkrona.

Mot hundreårsskiftet var separatoren folkeeige i det norske landbruket, og i 1939 var det kring 125 000 separatorar i landet. I vår tid foregår nesten all kommersiell foredling av mjølk på meieria, men det finst nokre få gardar som leverer smør til meieriet eller har produksjon av mjølkeprodukt for sal frå garden.

Kilde