WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere.
WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.


WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.


John Aae

Fra WikiStrinda
Hopp til: Navigasjon, søk
John Aae 1939
Foto: [[1]]
John Amandus Aae (26.10.1890 i Riidiin, Jämtland - 12.1.1968 i Trondheim), sønn av skomaker Olof Nilsson (1854-1939) og Lena Johnsen Aae (1856-1914). Gift 1918 Gjertrud Sagflaat, f. 25. juni 1897, dtr. av stasjonsformann John P. Sagflaat (1865-1942), Støren og Marit Folstad, f. 1863.

John Aae vaks opp hos ei tante på husmannsplassen Aunebakken under garden Aae i Snillfjorden. Han hadde delutdanningar frå Amtsskolen og Underoffisersskolen før han avslutta utdanninga med eit halvt år på handelsskolen. Etter nokre år som sjømann og gardsarbeider arbeidde han resten av det yrkesaktive livet med organisasjons- og administrasjonsarbeid.

Da han kom til Trondheim var han først styrar ved Selsbakk Samvirkelag før han under 1.verdskrigen var forretningsførar for Provianteringsrådet i Strinda kommune. I åra 1919-23 var han disponent i avisa Ny Tid. Etter partisplittinga mellom DNA og NKP i 1923, der Ny Tid heldt fram som NKP-avis, var han med på å starte Arbeider-Avisa og var disponent i den nye avisa frå 1924 til 1958. John Aae hadde andel og budde i TKB, i tomannsbustaden i Sylvester Sivertsons gt.1 (2.etg.), frå 2.avdelinga i selskapet stod ferdig i 1923.

I 1939 vart han formann for den nyskipa Trondheim forsyningsnemnd, der han hadde ein av selskapet sine andre medlemer, Jørgen Herman Vogt, som forretningsførar. I 1941-42 fungerte han som administrativ leiar for nemnda. I 1942 måtte Aae rømme til Sverige, der han var forlegningssjef ved den norske flyktingesentralen i Kjesäter i åra 1943-45.

John Aae var også ein av dei mange med politisk karriere i selskapet. Han representerte DNA i Strinda herredsstyre i åra 1917-23 og i Trondheim bystyre frå 1928 til 1957. I Trondheim var han varaordførar frå 1935 til 1947 og ordførar frå 1948 til 1957. Aae var fungerande ordførar i bystyremøte 31.oktober 1940, da ordførar Ivar Skjånes vart avsett etter forordning frå Nasjonal Samling. Det var ein annan av selskapet sine medlemer, Harald Langhelle, som i dette møtet kom med framlegget som vart vedtatt om å utsette alle saker (oppløysing av Bystyret). Da han gjekk av som ordførar i 1957 var det ingen som hadde hatt ordførarvervet lenger enn han sidan formannskapslovene vart innført i 1837. Han hadde mange offentlege og private styreverv, m.a. formann i Trondheim skolestyre (1940), Trondheim hamnestyre (1948-59), Trondheim elektrisitetsverk (1948-51), Form. i byggekom. og styret for Folkets Hus, Tr.heim, Sentrum Hotell og restaurant. Medl. Norges Banks repr.sk. fra 1929, form. Bladeierfor. 1932 -34, Tr.heim skolestyre 1940, Sør-Trøndelag arb.parti 1917-20, Tr. heims forente arbeiderparti 1925-29 og 1945- 47. Med l. direksj. Iia jern- og stålstøperi, medl. tilsynskom. Trønd. koop. engroslager 1915-1 7 og fra 1929. Styreform. Tr.heim komm. bakeri 193l-41, medl. hovedst. Norske avisutg. landsforb. og av styret for Folkets Hus landsforb.

Den politiske karriera til John Aae var karakteristisk for leiarane i arbeidarrørsla i mellom- og dei første etterkrigsåra. Han starta som aktiv i sosialdemokratiske ungdomsslag og endte opp som fylkesleiar i Sør-Trøndelag Arbeidarparti. I ungdomslaget arbeidde han saman med den meir revolusjonære Martin Tranmæl. Historikaren Anders Kirkusmo har skildra den politiske grunnhaldninga hans som sosialdemokratisk med Johan Nygaardsvold som førebilete. Han var ingen ideolog, men solid, jordnær og saksorientert politikar som søkte praktiske løysingar på problema (Kirkhusmo 1997, s.332-33). Kirhusmo skriv også:

"Han var Tung og ruvende i dobbelt forstand, men bak det trønderske flegma skjulte det seg et hissig temperament - selv om glimtet i øyet alltid var til stede. Som den ledende politiker i byen i denne perioden, hadde han sin hånd om det meste. "Gjenreiseren og samfunnsborgeren", som etterfølgeren i ordførervervet, Olav Gjærevoll, kalte ham, var en drivkraft bak mange store løft."

Desse eigenskapene var særs synlege hos Aae da han tok del i realiseringa av Folkets Hus i Trondheim. I 1920 hadde styret i Trondheim Arbeidarparti funne ut at det måtte finnast ei tenleg organisasjons- og eigedomsform for Folkets Hus. I komitéen som vart oppnemnt for å greie ut saka sat seinare TKB-medlem Sverre Støstad. 17. april 1921 vart Fellesorganisasjonen Folkets Hus konstituert (seinare omdøypt til Arbeidernes Økonomiske Fellesorganisasjon, AØF). Tre av dei sju styremedlemene som skulle planlegge det nye Folkets Hus i Olav Tryggvessons gate vart same året medlemer i TKB: M. Trønsdal, Petter I. Aune og Reidar Forbregd. I 1923 vart det oppnemnt ein Byggekommité med mellom andre TKB-medlemene O. Dullum som formann og John Aae. På 1930-talet og fram mot ferdigstillinga av det nye Folkets Hus i 1939 var John Aae formann i AØF. Det var i denne perioden han etter eit besøk i Filmteateret hadde kome på idéen om å bygge kinosal i Folkets Hus. Også i Byggekomitéen av 1938 budde eller hadde tre av dei fire medlemene budd i TKB: John Aae (formann), Albert Trønsdal og Petter Aarsand.

Det var nok ikkje i seg sjølv særleg viktig for realiseringa av Folkets Hus at mange av eldsjelene bak prosjektet budde og var andelseigarar i TKB. Det viser derimot kor samanvevde dei leiande personane i arbeidarrørsla i byen var, den sterke evna til å realisere store ideelle prosjekt og at deira forståing av politisk aktivisme og idealisme også omfatta ordninga av privatlivet.

Ordførere i Trondheim kommune

Jacob Roll - Balthazar Schnitler - Jacob Roll - Balthazar Schnitler - Nikolay Jenssen - Samuel Severin Bætzmann - Fredrik Moltke Bugge - Hans Peter Jenssen - Nikolay Jenssen - Fredrik Moltke Bugge - Samuel Severin Bætzmann - Johan Christian Grabow - Fredrik Georg Lerche - Hans Georg Colbjørnsen Meldahl - Christian Petersen - Einar Gram - Ove Guldberg Høegh - Fritz Lorck - Aage Schavland - Ove Christian Roll - Fritz Lorck - Michael Getz - Fritz Lorck - Carl Arnoldus Müller - Christian Hirsch - Johannes Musæus Nissen - Christian Hulbert Hielm - Christian Hirsch - Jens Ludvig Paul Flor - Karl Bugge - Christian Hulbert Hielm - Johan Bergh - Marius Friman Bøckman - Bernhard Konrad Bergersen - Ingebrigt Buaas - Sverre Olafssøn Klingenberg - Carl Nielsen - Christian Knudtzon Schaanning - Bernhard Konrad Bergersen - Andreas Berg - Hans Jørgen Bauck - Christian Thaulow - Andreas Berg - Odd Sverressøn Klingenberg - Ole Konrad Ribsskog - Einar Dahl - Francis Kjeldsberg - Kristian Bryn - Andreas Moe - Johan Cappelen - Harald Pedersen - Ivar Skjånes - Olav Bergan - Sverre Colbjørnsen Stokstad - Ivar Skjånes - John Aae - Olav Gjærevoll - Odd Sagør - Kaare Tønne - Axel Buch - Olav Gjærevoll - Anne Kathrine Parow - Per Berge - Marvin Wiseth - Anne Kathrine Slungård - Liv Sandven - Rita Ottervik



Kilde