WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere. WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.
WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.
Trondhjem Kooperative Bygge- og Boligselskap
Trondhjem Kooperative Bygge- og Boligselskap-TKBB ble stiftet 10.desember 1921.
Bustadreisinga var den viktigaste og mest drøfta saka i Trondheim bystyre under 1.verdskrigen og dei første åra etter. På grunn av store tap vedtok Trondheim bystyre i 1920 å avvikle den kommunale busatdbygginga og i staden gje garantiar til private byggetiltak. Arbeidarpartiet hadde i Bystyret i 1914 gått inn for at det burde byggast større arbeidarbustader enn 1-2 roms. I ei oppmoding om å halde fram bygginga av arbeidarbustader ønskte partiet dels å bygge leiegårder og dels i "frittliggende" hus med hagar. Eventulet kunne også egnehjemhus, "den ideelle boligform for arbeidaren", vere aktuelt. Saka vart arbeidd vidare med av stadsarkitekt Sverre Pedersen som i 1917 fekk gjennom i Bystyret byggeplanen for bustadområdet Lillegården hageby ved Singsaker skole.
I 1920 og 1921 vart idéen om eit bygge- og boligselskap tatt opp av bygningsarbeidarane i Trondheim, etter retningslinene nemnt ovanfor. Representantar frå Arbeidarpartiet i byen og Trondheim Leieboerforening deltok i drøftingane og i eit fellesmøte 10.desember 1921 vart Trondhjem Kooperative Bolig- og Byggeselskap (TKBB) skipa. To av initiativtakarane vi kjenner var Johan Marthin Wiggen og Sverre Støstad. TKBB var det første kooperative byggeselskapet i landet med utspring i arbeidarrørsla.
Verkstaden til selskapet var truleg i Riangården, Nygaten 28, på Nedre Bakklandet. Denne garden vart kjøpt av Norges Kooperative Landsforening i 1913 og overtatt av TKBB i 1930. Sjølv om selskapet ikkje tok over garden før i 1930 veit vi at selskapet disponerte garden i 1928 og også truleg tidlegare. At garden vart kjøpt såpass seint i drifta til produksjonsselskapet tyder på at det enno hadde tankar om vidare nybygging. Riangarden vart selt på tvangsauksjon i samband med konkursen i produksjonsselskapet i 1935.
Initiativet til TKBB kom i hovudsak frå fagrørsla og sentrale medlemer i DNA i byen. Det første styret i TKBB i 1922 spegla først og fremst interessa frå fagforeiningane. Sjølv om det berre var den aktive bustadpolitikaren Johan Marthin Wiggen som representerte "politikarane" i styret, kom mange sentrale DNA- og NKP-politkarar til å bli andelseigarar og busette i selskapet.
Den første formannen i TKBB var rørleggar Ingemar Iversen. Han var eldste son i ein søskenflokk på fem frå husmannsplassen Enget under garden Henning i Sparbu (i dag i Steinkjer kommune).
Delinga mellom eit bustad- og eit byggesleskap vart fullført ved den administrative delinga i 1929 og selskapet sitt namn vart endra til Trondhjems Koopeative Boligselskap (TKB) - som det også heiter i dag. TKBB eksisterte framleis, utan nokon ny byggeaktivitet, fram til 1935 da det vart slått konkurs. Vi veit at Riangarden var ein del av konkursbuet. Truleg var også 5 hus selskapet eigde i Lindemanns gate i 1929 ein del av konkursbuet.
Styret i TKBB 1922: Foran f.v.: Snekkar E.O. Eklund, malar Peder Johnsen, bestyrar Johan Martin Wiggen, røleggar og formann Ingemar Iversen, arkitekt Trygve Olavsson Klingenberg, byggeleiar K.N. Sjøhaug. 2.rekke f.v.: Malarmeister O.H. Hegstad, skomakarmeister Hans Kjennerud, bestyrar O.P. Sæther, murmeister Johan Sjursen, sementarbeidar Bernt Gomo, malar Reidar Forbregd. 3.rekke f.v.: Fagleiar Petter Aune, rekningsbud Paul Eidsaune, snekkar Olaf Digre, malar John Bergvin, betjent Johan Scherlie, sementarbeidar Alfred Antonsen. 4.rekke f.v.: Snekkar Johan Leistad, rørleggarmeister Einar Wold, overkonduktør J. Skaarvold.
Kilde
- 1. Nettsted Øyvind Thomassen