WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere.
WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.



Søren Nordeide

Fra WikiStrinda
Hopp til: Navigasjon, søk
Professor Søren Nordeides gravsted Lade kirkegård

Professor Søren Andreas Nordeide var født i Askvoll 4. februar 1872 og døde i Trondheim 11. august 1941. Sønn av gårdbruker og herredskasserer Mathias Larsson Nordeide og Ane Sørensdatter Fismen. Gift 1908 med Marta Ræder (16.7.1885- 1.1.1962), datter av kirkesanger og gårdbruker i Rissa B. Ræder og Margrethe Kråknæs. Far til Gjertrud Hesledalen (30.12.1903- 26.8.1992).

Søren Andreas Nordeide tok lærareksamen på Stord i 1894, artium i Bergen i 1899 og andreeksamen, førebuande prøve, ved Universitetet i Kristiania i 1900. Han skreiv tidleg på nynorsk om pedagogikk og psykologi.

I 1902 vart han tilsett ved Volda lærarskule, seinare ved lærarskulen i Levanger, der han vart overlærar i 1913. I 1922 vart han professor i pedagogikk og rektor ved Noregs Lærarhøgskole i Trondheim. Han innehadde stillingen fra 30. juni 1922–februar 1936 (formelt til 30. juni 1937).

Saman med Erling Kristvik skreiv han i 1913 Lærebok i sjælelæra, i 1916 gav han ut Soga um uppseding og skule, som kom i nye, reviderte utgåver heilt til 1966, og i 1919 kom boka Fraa barn til vaksen. I 1921 følgde Læraren og lærararbeidet og i 1931 I heim og skule. Bøkene var skrivne til bruk i lærarutdanninga.

Han skreiv òg fleire akademiske og populærvitskaplege utgreiingar. I 1928 gav han ut Det sjelelege sanningstilstand. Ei psykologisk utgreiing og i 1934 Den menneskelege personlegdom. Ei psykologisk-pedagogisk utgreiing. Den siste større utgreiinga var Nyare synsmåtar i psykologi frå 1937. Han var oppteken av barnepsykologi, særleg pedagogisk psykologi, var interessert i eksperimentalpsykologi og var skeptisk til psykoanalysen.

Nordeide fekk i 1913 professor Monrads gullmedalje for ei psykologisk avhandling om rompersepsjon, Rumproblemet i den nyere psykologi. Han var på studiereiser til England og Tyskland og var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim frå 1926.

Fra åpningen av Norges Lærerhøgskole på Lade 1922.

Fra åpningen av Norges Lærerhøgskole på Lade 1922. Lærerhøgskolens første rektor, Søren Nordeide sitter som nr.4 fra venstre, uten hatt.

Kilder

  • 1. Norske skolefolk. Karl Bakke. Dreyer forlag 1952.
  • 2. Allkunne.no
  • 3. Hvem er hvem 1930
  • 4. NTNUs historie