WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere.
WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.



Ole Øverland Gjerde

Fra WikiStrinda
Hopp til: Navigasjon, søk
Ole Gjerde
Sokneprest Ole Øverland Gjerde (10.11.1926 i Nedre Vats- 14.1.2015) var sønn av Lars S. Gjerde og Emilie Øverland. Gift med Sidsel Margrethe Opsahl. 4 barn.

Gjerde ble ordinert i 1950. Han var sokneprest i Strinda 1987-1992.

Nekrolog i Aftenposten 5.2.2015:

Prost Ole Øverland Gjerde døydde 14. januar 2015, 88 år gammal. Med han er ein særmerkt personlegdom i norsk kyrkjeliv gått bort.

Han var fødd i Vats i Rogaland og studerte ved Misjonshøgskulen i Stavanger og Universitetet i Oslo. Etter dette hadde han stipend i bibelvitskap frå UiO i åra 1958-1960. Han mottok sterke impulsar frå bibelforskaren Gerhard von Rad. I 1960 vart han tilsett av Det norske Bibelselskap som omsetjar av gammaltestamentlege bibeltekstar, som leidde fram til bibelomsetjinga av 1978. Dette må reknast som det mest betydelege i livsinnsatsen hans.

I åra 1968-1972 var Gjerde tilsett som universitetslektor ved Religionsvitenskapelege institutt ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Han var særs godt likt som førelesar.

Gjerde var aktiv i kristelege organisasjonar. Han var leiar for Norges kristelige Studenterbevegelse i åra 1965-69, og satt ei tid som medlem av landsstyret i Den Norske Israelsmisjon.

Gjerde var prest i Nidaros bispedøme i mange år. Han var res.kap. ved Nidaros domkirke frå 1977 til 1987. Etter det var han sokneprest og prost i Strinda fram til han vart pensjonist i 1992.

Gjerde var eit menneske som sette gode spor etter seg. Som sokneprest og prost gav han medarbeidarar stor fridom.

Gjerde var særs flink med ord og språk. Den tydelege nynorsken var eit særmerke ved han. Han kunne formulere seg på ein måte som gjorde at andre huska det han sa. Kunnskapen om dei bibelske språka delte han med kollegaer og andre.

Ole Øverland Gjerde skrev artikkelen Strinda kyrkje 100 år i Årbok 2001 Strinda - den gang da.

Kilde

  • 1. Kirken og Vi nr 4/2000
  • 2. Prester i den norske kirke og andre teologiske kandidater 2000.