WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere.
WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.



Lillegården hageby

Fra WikiStrinda
Hopp til: Navigasjon, søk
Lillegården hageby
Lillegården hageby vart bygd i åra 1920-22 i Riddervolds gate, Casparis gate, Eidsvolls gate, Tyholtvegen og Rogerts gate i Trondheim. Trondheim kommune var byggherre og satdsarkitekt Sverre Pedersen hadde teikna husa og reguleringsplanen for området. Lillegården vart planlagt særskilt for å dekke behovet for bustader mellom byen sine "bedrestilte arbeidere". Den opprinnelege planen var dimensjonert for 1500 innbyggarar. Trondheim kommune kjøpte området i 1911 som ein konsekvens av den nye byplanen av 1910 og for å hindre eigedomsspekulasjonar.

Lillegården vart bygd med murbygningar med fleire husvere og småhus i tre. Området mellom Eidsvolls gate, Rogerts gate og Tyholtvegen dominerast av firemannsbustader i mur. I dag er desse gjort om til tomannsbustader. Det vart også bygd nokre få einebustader og rekkehus (gruppehus) og dobbelthus. Ingen av bustadane hadde mindre enn to rom og kjøkken. I samtida vart dette rekna som høg standard og i følgje Pedersen var det minstestandard for kva som burde byggast. Sverre Pedersen fekk også gjennomslag for at kvar bueining skulle ha vassklosett.

Lillegården hageby vart planlagt etter inspirasjon av den engelske hageby-idéen. Truleg er det riktig å seie at Lillegården er den hagebyen i Trondheim som i utsjånad liknar mest på slik hagebyane i stor grad såg ut i Storbritannia. Sverre Pedersen var sterkt inspirert av denne idéen og han var opptatt av å halde i hevd dei naturgjevne vilkåra, som t.d. utsikt og hageflekkar med sol. Husa på området skulle byggast for arbeidarar og funksjonærar. Det var derfor viktig at området hadde bustader som var rimelege å leige.

Pedersen meinte at firemannsbustaden var det rimelegaste bustadalternativet for familiar, og som passa best til hagebyidéen - frittliggande bustader i parkliknande omgjevnader. I form og dimensjonering kunne dei minne om landleg villabustader. Fordi området låg nære byen og hadde gode kommunikasjonar kunne det også byggast meir konsentrert her enn lengre unna sentrum.

Etter 2.verdskrigen selde kommunen tomter og hus i området. Som ein reaksjon mot dette vart Lillegården boliglag danna i 1948-49, av dei som budde i nokre av husa. Dei andre husa i området vart overtatt av andre private. Boliglaget har etter danninga vore aktive i vedlikehaldet og ivaretakinga av området sin einskapelege karakter.

Kilde

  • 1. Nettsted Øyvind Thomassen
  • 2. Hagebyen Lillegården

Eksterne lenker