WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere.
WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.



Johannes Okkenhaug

Fra WikiStrinda
Hopp til: Navigasjon, søk
Johannes Okkenhaug

Landbruksskolebestyrer Johannes Karlsson Okkenhaug (21.2.1857 i Levanger- 29.7.1935). Gift med Marianne Karoline (26.2.1864 i Sparbu-). Barn: Dagrun Okkenhaug (1896-), Arne Okkenhaug (1894), Aslaug Pauline Okkenhaug (1898-).

Johannes Karlsson Okkenhaug var ein gardbrukar, skulestyrar og Venstre-politikar. Han var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag i fem periodar, 1891-93 og 1916-27, og var vararepresentant i tre periodar. Okkenhaug var ordførar i Frol 1891-95, og i Sparbu 1901-04, 1907-10 og 1913-16. Han var 1895-1922 den fyrste styraren ved Mære landbruksskole.

1876/77 var han på Inderøy elev ved Hans Konrad Foosnæs sin omreisande folkehøgskule. Deretter tok han eksamen i den høgre avdeling ved Ås landbruksskole i 1881. Han var 1885-91 lærar i landbruksfag ved Kuløys folkehøgskole. År 1886 tok han over farsgarden Tynæs Nedre i Levanger herred, og dreiv denne til 1895, då han vart styrar ved Mære landbruksskole, ei stilling han hadde fram til 1922. På ny dreiv han så i fire år farsgarden. Frå 1928 var han administrerande direktør i Levanger og Omegns Kreditbank.

Okkenhaug var mellom stiftarane av Norsk Landmandsforbund i 1896. Han var med i landsstyret, ei periode var han nestformann. Elles var han formann både i fylket sitt landbruksselskap og skogselskap. Han var medlem av departementskomitear vedkomande utskrivinga av hestar til hæren (1898), av Verdalkomiteen (1900) og om utskifting etter Verdalsraset. I 1917 var han medlem av Husmannskommisjonen.

Johannes Okkenhaug var med og startet Felleskjøpet i Trondheim i 1900. Han var årsmøtets ordfører fra 1907 til 1934.

Okkenhaug var 2. vararepresentant til Stortinget 1889-91, møtte i 1891 frå 6. mars då Vilhelm Andreas Wexelsen vart statsråd. Han 4. representant frå Nordre Trondhjems amt i den neste stortingsperioden 1892-1894. 1895-97 var han 1. vararepresentant 1895-97, møtte kortvarig fleire gonger på tinget i alle dei tre sesjonane i perioden. Trass i at han var 2. vararepresentant for åra 1898-1900, møtte han så å seie heile perioden på Stortinget, då i staden for Ole Anton Qvam som vart statsråd i februar 1898. 1891-94 var Okkenhaug medlem av militærkomiteen, 1895-99 medlem av og 1900 sekretær i landbrukskomitéen. Åra 1916-1927 hadde han fast plass på Stortinget. I alle åra medlem av landbrukskomitéen, 1922-27 som nestformann.

Okkenhaug mottok Kongens fortenstemedalje i 1922. Ei byste av han vart i 1936 reist ved Mære landbruksskole.


Kilde

  • 1. Felleskjøpet i Trondheim 75 år i landbrukets tjeneste. 1900-1975
  • 2. Felleskjøpet i Trondheim gjennom 100 år. 1900-2000.
  • 3. Felleskjøpet i Trondheim 1900-1950.
  • 4. Wikipedia

Se også

Eksterne lenker