WikiStrinda er Strinda historielags leksikon over historiske personer, begivenheter og bilder i tidligere Strinda kommune og Trondheim kommune, samt områder påvirket av trøndere.
WikiStrinda inneholder også artikler av nasjonal interesse, spesielt knyttet til emigrasjon fra Trøndelag.

WikiStrinda er også på Facebook, besøk oss her.



Halvard Bjørkvik

Fra WikiStrinda
Hopp til: Navigasjon, søk
Halvard Bjørkvik. Foto: Digitalt museum
Halvard Bjørkvik (9.10.1924 i Finnøy, Rogaland-) er sønn av arbeidar Johannes Bjørkvik og lærar Elisabeth Varland. Halvard Bjørkvik var gift med lokalhistorikaren Randi Bjørkvik, fødd Kleiven frå Vågå (1918-2007).

Harald Bjørkvik er historikar og museumsmann. Han er særleg kjent for sin forsking innen eldre norsk agrarhistorie, for sin faglege og organisatoriske innsats for norsk lokalhistorie og som direktør ved Norsk Folkemuseum.

Lokalhistoriewiki forteller:

I 1961 vart Bjørkvik utnemnd til eit nyoppretta dosentur i historie med særskilt ansvar for lokalhistorie ved Norges lærerhøgskole (frå 1968 Universitetet i Trondheim). Historisk institutt ved lærarhøgskolen vart skipa i 1958. Som instituttstyrar og i mange år som den einaste i fagleg toppstilling ved instituttet, fekk Bjørkvik eit særleg ansvar for oppbygginga av instituttet. Han sette så sterkt preg på verksemda der at i jubileumsberetninga for instituttet frå 2008 blir perioden 1961-1968 kalla Bjørkvik-tida.

Både i sitt virke som universitets- og museumstilsett historikar, i organisasjonssamanheng og som bygdebokforfattar har Bjørkvik hatt ein framskoten plass i norsk lokalhistorie som fagfelt og folkerørsle alt frå 1950-åra av og fram til dags dato. Engasjementet for den breiare lokalhistoriske rørsla har vist seg mellom anna ved dei tillitsverva han har teke på seg for Landslaget for bygde- og byhistorie (seinere Landslaget for lokalhistorie). Han var styremedlem der 1964-1970 og formann 1970-1979. Han var redaktør for fagtidsskriftet Heimen, som Landslaget gjev ut, i åra 1952-1954 (saman med Randi Bjørkvik) og 1973-1975. I ein tjueårsperiode 1965-1985 sat han som medlem i styret for Norsk lokalhistorisk institutt.

I 2006 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for samfunnsgagnleg arbeid. Overrekkinga skjedde i samband med feiringa av femtiårsjubileet for Norsk lokalhistorisk institutt.

Artikler i Strinda-den gang da

Kilder

  • Lokalhistoriewiki.no